Drageset blir Frk. Amundsen.

Drageset blir Frk. Amundsen! Måndag 12. oktober opnar den fornya butikken med nytt namn, nytt konsept og same gode service.

d
Bjørg Lyssand og Frk. Amundsen

Drageset blir Frk. Amundsen

Måndag 12. oktober opnar Drageset dørene til ein fornya butikk med nytt namn, nytt konsept og ei tydeleg retning for framtida. Etter meir enn 50 år i handel blir Drageset Varehus AS til Frk. Amundsen AS.

Namneendringa markerer starten på eit nytt kapittel for den familieeigde butikken, samstundes som historia og verdiane som har vore grunnlaget sidan starten i 1972, blir tekne med vidare.

Ei hyllest til den som starta det heile

Namnet Frk. Amundsen er henta frå jentenamnet til Bjørg Johanne Drageset, kvinna som la grunnlaget for verksemda då ho kjøpte inn det første kruset til det som seinare vart Drageset Varehus AS.

Det nye namnet er ei hyllest til gründeren bak suksessen og eit symbol på ønsket om å vidareføre arven hennar inn i ei ny tid.

Klar for framtida

Det nye butikkonseptet er utvikla med blikket retta framover. Forbruksvanar og forventningane til fysiske butikkar er i stadig endring, og etter over fem tiår i handelsbransjen var tida inne for fornying.

Frk. Amundsen skal framleis tilby eit breitt utval av populære varer til heimen, vesker og reiseutstyr, men vil òg satse sterkare på trend- og sesongvarer til attraktive prisar.

Målet er å skape ein butikk som inspirerer til nye oppdagingar ved kvart besøk.

– Kundane skal finne både kjende favorittar og noko dei ikkje visste dei var på jakt etter. Sortimentet skal vere nøye utvalt, både når det gjeld kvalitet, relevans og pris, fortel eigarane.

Personleg service i sentrum

Sjølv om både namn og butikk blir fornya, er mykje av det kundane kjenner og er glade i, det same som før.

Personleg service, eit spennande vareutval og gode handleopplevingar skal framleis stå sentralt. Ambisjonen er å vere staden kundane kjem til når dei skal finne den perfekte gåva, bordpynten til selskapet, noko nytt til heimen eller kofferten til den neste reisa.

Kundeløftet er enkelt og tydeleg:

GODE KJØP. NØYE UTVALT.

Velkomen til nyåpning

I samband med ombygging held butikken stengt frå 9. til 11. oktober. Måndag 12. oktober opnar dørene igjen som Frk. Amundsen.

Vi ønskjer Frk. Amundsen lykke til med nyåpninga og gler oss til å sjå det nye konseptet på Thon Senter Os!