AMFI Ulsteinvik blir Thon Senter Ulsteinvik
AMFI Ulsteinvik har fått nytt namn. Vi heiter no Thon Senter Ulsteinvik.
AMFI Ulsteinvik har alltid vore ein del av Thon Gruppen. No blir det òg synleg for alle rundt oss. Endringa skjer fordi alle Thon sine kjøpesenter blir samla under éin felles merkevare: Thon Senter.
Dette gjer vi for å skape ei tydeleg og gjenkjenneleg kjede som gjer det enklare for kundane å vite kven vi er – og kva vi står for. Sjølv om namnet blir endra, er vi framleis det same senteret du kjenner frå før:
Vi har dei same butikkane, dei same folka og den same lokale tilhøyrsla som tidlegare. Den eianste endringa er at vi har fått nytt namn.
Det som blir nytt, er at vi får ein meir styrka og heilskapleg identitet, felles kampanjar og eit tydelegare uttrykk saman med dei andre Thon-sentera over heile landet.
Vi gler oss til å markere namneendringa med ei feiring, og vi kjem tilbake med tidspunkt så snart datoen er klar.
PS:
Du kan bruke gåvekortet ditt som før.
Du beheld fordelane du er van med.
Velkomen til Thon Senter Ulsteinvik!