Eit tre med meining - julegåveaksjonen
Som tidlegare år set me opp eit "Juletre med meining".
Legg til i kalender
- Når
- 14. november til 13. desember
- Hvor
- Fellesarealet
Marit Nedkvitne frå Røde Kors held appell under julesenteropninga.
I samarbeid med Røde Kors har me i fleire år hatt "Juletre med meining" framme, frå midten av november til ca midt i desember. Her kan våre kundar oppfylla eit julegåveynskje for eit barn i vårt nærmiljø som ikkje elles ville fått oppfylt sitt julegåveynskje.
Meiningsfylt for den som gir og godt for den som får.
Røde Kors syter for at julegåvene kjem fram til rette mottakar.